Forskjellar mellom eit Mafiastyrt Samfunn og eit Demokrati I denne teksten skal eg forklare kva ei styreform er og deretter skal eg velje to ulike styreformer og forklara litt generelt om dei

Forskjellar mellom eit Mafiastyrt Samfunn og eit Demokrati
I denne teksten skal eg forklare kva ei styreform er og deretter skal eg velje to ulike styreformer og forklara litt generelt om dei. Etter det skal eg samanlikne dei to utvalde styreformene og til slutt skal eg seie meininga min om kva for ei styreform eg meiner er best for eit samfunn.

Ei styreform er måten ein stat, kommune eller eit land blir styrt på. I Noreg blir styreforma demokrati teke i bruk. Demokrati, også kalla folkestyre, er ei styreform kvar folket har innverknad på avgjerder som blir teke i samfunnet. Det vil seie at det er folket som har styremakta og det er dei som avgjer korleis samfunnet skal bli styrt og kven det skal bli styrt av. Kjenneteikn ved demokrati er frie val, fleirtalsstyre, retten til å vere ueinig med fleirtalet, og at dei grunnleggjande rettane til individa blir teke vare på.

We Will Write a Custom Essay Specifically
For You For Only $13.90/page!


order now

Men ikkje alle land er eit demokrati slik som Colombia t.d. Colombia er eit land som har blitt teke over av mafia. Mafia er ein kriminell organisasjon som tek kontroll over ulike område ved å skape frykt i folket. Dei brukar vald for å oppretthalda kontroll over området og driver med ulovlege verksemder. Mafiaverksemd inneber produksjon og sal av ulovlege varer slik som rusmiddel, våpen, osv.

Eg meiner at den største forskjellen mellom ein mafiastyrt samfunn og eit demokrati er at folket ikkje får avgjere i samfunnet. I motsetnad til Noreg har ikkje folket i Colombia mogelegheit til å ta avgjerd på grunn av mafiaen, og dersom nokon prøver å motstå denne organisasjonen blir dei drepe. Dette er grunnen til av folket i Colombia følgjer tausheitsregelen til mafia. Regelen seier at ein ikkje skal snakke om mafiaen og ikkje vitne mot mafiaen. Dersom ein veljar å gjere dette likevel, risikerer ein å bli drepen.

Alt i alt, meiner eg at demokrati er den mest passande styreforma for kvart einaste samfunn i verda. Eg meiner dette fordi demokrati er ei rettferdig styreform der kvart individ har dei same rettane. Dette fører til mindre usemjer, terrorisme og krig. Når alt kjem til alt, meiner eg at det er berre masse positivt som fører med demokrati.

x

Hi!
I'm Mila

Would you like to get a custom essay? How about receiving a customized one?

Check it out